Har «uteordførar-kontor» for åttande året

Flyttar ut til Malakoff

For åttande året på rad blir det «uteordførar-kontor» på Nordfjordeid under Malakoff-veka.

Utekontor: Ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal, flyttar ut, og har ordførarkontor ute for åttande året på rad.   Foto: Øystein Torheim

Vi ønskjer nye Stad kommune skal vere på plass der folk er, og syne fram litt av det vi kan by på.

Ordførar Alfred Bjørlo
Nyhende

– Malakoff Rockfestival er ein av landets største rockefestivalar, og ein folkefest med langt over 10.000 besøkande til Eid og Nordfjord. Då ønskjer vi at nye Stad kommune skal vere på plass der folk er, og syne fram litt av alt vi kan by på, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo.


Han vil saman med ordførar-kollega Stein Robert Osdal i Selje vere vertskap for utekontoret, som blir rigga til på Badstuplassen i Eidsgata.

Her vil dei vere på plass tysdag til og med fredag i Malakoffveka.

Mykje moro

– Vi kan love mykje moro for både store og små i Eidsgata desse dagane, seier Bjørlo.

I år flyttar ein for første gong BUA Eid til Eidsgata, slik at du på utekontoret kan få låne sports- og fritidsutstyr gratis gjennom Eid kommune si utlånsordning.

Ein slår også eit slag for folkehelsa ved å arrangere «Boot Camp Stad» og yoga-økt på Badstuplassen.

Onsdag og torsdag blir det ope lunsjtreff i Kulturhuset Gamlebanken saman med Stad Vekst for å fortelje om nytt i næringslivet i Stad.

Badehotell for insekt

Eit heilt spesielt innslag på utekontoret i år blir opning av Noregs første badehotell for insekt på Badstuplassen, med avduking og opning tysdag 16. juli.

– Småkrypa må også ha eit tilbod om festivalcamp under Malakoff – alle skal vere velkomne til Nordfjordeid desse dagane, seier ordførar og insektbiolog Alfred Bjørlo.

Møter etablerarar

Næringslivet i Stad kommune sitt felles næringsselskap Stad Vekst blir til stades på utekontoret onsdag og torsdag for å møte etablerar og andre som er nysgjerrige på kva som skjer i næringslivet i Stad.

Eid Helsestasjon er på plass torsdag og fredag for å møte ungdom som skal på festival.

Aktivitetar

Stad kommune sitt utekontor vil også tilby aktivitetar for born, med teiknekonkurranse, leikar og aktivitetar i Eidsgata.

Fredag blir utekontoret vertskap for Malakoff Gatefestival, med konsertar og musikk frå formiddagen og ut dagen.

Mellom gjestane som kjem innom utekontoret denne dagen er bandet The Dogs, som skal gjennomføre ein seremoni som vil setje eit varig rocke-stempel på Eidsgata, vert ein lova.

– Vi gler oss – Eid og Stad Inviterer til tidenes Malakoff-veke, seier ordførarane.