Over 20 ungdommar frå Europa med på gruppeutveksling

Ei veke på Nordfjordeid

– Vi likar veldig godt plasseringa av Nordfjordeid med fjella og fjorden som omringar staden. Naturen her gjev oss ro.

Spania og Romania: Christina Peraebo Villemandos (21) frå Spania og Fruzsina Oltean (24) frå Romania har vore blant deltakarane på gruppeprosjektet Erasmus +, som er arrangert av Erasmus + og Eid frivilligsentral.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det seier Christina Peraebo Villemandos (21) frå Spania og Fruzsina Oltean (24) frå Romania. Dei er blant dei 24 ungdommane som har vore samla på Erasmus + gruppeutvekslinga på Nordfjordeid den siste veka. Dette er første gong det vert arrangert på Nordfjordeid. Deltakarane har vore frå Romania, Tyrkia, Spania og Norge og har vore mellom 18 og 30 år. Dei har alle kome saman og synleggjort fordommar og diskriminering gjennom mellom andre workshops, dans og fotoprosjekt.