Stad Sp vil ha utgreiing

Vil ha «byskyssordning» på Eid

Stad Senterparti ønskjer å få utgreiinga om ei kollektiv skyssordning kan vere aktuelt for bustadfelta på Nordfjordeid.

Knyte bustadfelta saman: Paul Jacob Helgesen, ordførarkandidat for Stad Sp, ønskjer å få til ei kollektiv skyssordning, der dei tre bustadfelta Hogaåsen, Myklebuståsen og Prestemarka vert knytt saman med sentrum. Det meiner han vil vere eit godt klimatiltak, samtidig som familiar vil sleppe mykje køyring til og frå skular og aktivitetar.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Formålet er å auke attraktivitet og bulyst og redusere klimautslepp.

Nyhende

– For oss er det viktig at vi i nye Stad kommune skal vere likeverdig innan næringsutvikling og kultur, og sjå heile Stad under eitt. Vi skal ikkje ha eit A eller B-lag. Men ei såkalla «byskyssordning» meiner vi kan vere ei interessant sak for Nordfjordeid, seier Paul Jacob Helgenen, Sp sin ordførarkandidat.