Reiste rundt i verda i seks månadar

Henning Haugen tok seks månadar permisjon og reiste rundt i store deler av verda.

Reiste rundt: Henning Haugen la ut på langtur i oktober 2018, og besøkte store deler av verda fram til påske. Gjennom seks månadar på tur kom opplevingane på rad og rekke.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Vi går tilbake i tid, til oktober 2018. Henning Haugen, frå Haugen, er i ferd med å gjere dei siste føreberingane. Han skal ut å reise rundt om i verda, ein tur han har planlagt i fleire månadar. Han bestemte seg nemleg jula året før for å søke permisjon, og ut på våren starta planlegginga for alvor. Henning har klart for seg kvar turen skal gå, og flybillettar og overnatting er bestilt på førehand. Før reisa startar skikkeleg, spring han maraton i England, som er ein av tre utfordringar han har sett seg for å samla inn pengar til OSCAR’s Paediatric Brain Tumour Charity. Så set Henning seg på flyet til New York, og den seks månad lange reisa er i gong.