Eid Gatematfestival

Klart for smaksbomber

Laurdag 13. juli brakar det igjen laust med Eid Gatematfestival, og Eidsgata vert fylt med smaksbomber. Då skal 3.000 svoltne mettast.

Matfestival: Eidsgata vil laurdag bli fylt med mykje folk som er interesserte å smake mat frå heile verda.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (arkiv)

Leon Knapskog:: Initiativtakar Leon Knapskog arrangerer ny gatematfestival i Eidsgata – for tredje gong 

Nyhende

Initiativtakar Leon Knapskog, lovar spennande smakar frå heile verda.

Gatematfestivalen vert arrangert for tredje året på rad, og Knapskog konstaterer at no har det vorte fast tradisjon. Dei to førre åra har festivalen vore ein stor suksess, der ein reknar med at rundt 3.000 har kome til Eidsgata for å smake gatemat frå heile verda.

– Vi har fått så mykje gode tilbakemeldingar dei to førre åra, så eg trur det ville blitt krise og mange som ville blitt skuffa om det ikkje vart noko i år, seier han.

Meir av alt

Årets gatematfestival vert over same lest som i fjor, men berre meir av det.

– For kokkar er sommaren ei travel tid, men dette er noko kokkane har lyst å vere med på og set av tid til, seier Knapskog. Det vert mykje smårettar av ulike slag og grilling på kulegrill i Eidsgata denne dagen.

– Eg har gitt beskjed om at det ikkje er lov å lage fulle porsjonar. Folk skal få prøve mykje forskjellig, og då må ein ha plass til det, smiler han.

Kva som vert servert er opp til kvar enkelt kokk. Men det vert noko nytt i forhold til kva dei har laga før.

Det er berre Øyvind Haugland (kokk på Aske) som får lov til å servere tapasen han hadde første året. Det var umåteleg populært, og det vart etter kvart lang kø ved kulegrillen hans av folk som ville smake tapas-delikatesser – som dadlar med bacon.

Stor interesse

– I tillegg vert det mange lokale bedrifter som sel sine lokalproduserte varer i Eidsgata denne dagen. Her vil det syde av liv, lovar Knapskog.

Under gatematfestivalen får ein norsk gardsmat i farta, men frå forskjellige land og kulturar. Det blir mykje grilling, og det vert også i år laga søte dessertar.

Han er stolt over det ein har fått til, og glad for at interessa er så stor for å smake ny mat.

– Folk veit ikkje heilt kva dei vil ha, men likar det dei får. Dei veit det er godt. Det er stilig at det kjem så sjukt mykje folk kvar gong, smiler han.