Eid IL fotball inviterer til –

Fotballcamp og fotballskule

Veka før skuleborna skal tilbake på skulebenken inviterer fotballgruppa i Eid til den årlege Tine Fotballskule og fotballcamp.

Eidtrenar: Dan Jøran Hafsås, trenar for Eid sine herrelag, inviterer til born frå sju til 17 år Tine Fotballskule og fotballcamp i august. – Opplegget både med fotballskulen og fotballcampen er å skape nokre dagar med pur fotballglede, seier han. Foto: Tormod Flatebø 

Tine Fotballskule: Mat og drikke må til om ein skal halde ut treningsøktene på Tine Fotballskule. Biletet er frå ein tidlegare Tine Fotballskule. Arkivfoto 

Nyhende

–I år har vi lagt Tine fotballskule, som er eit tilbod til born i aldersgruppa sju til 12 år. Fotballskulen går over tre dagar, med flinke instruktørar frå fotballgruppa i Eid. Eg reknar også med at vi skal få med nokre av A-lagsspelarane våre som instruktørar. Vi har også vore i kontakt med Sogndal Fotball for å høyre om dei har nokre kjende fjes som kan vere med å bidra. Då handlar det meir om fotballcampen, som er eit meir spissa tilbod for spelarar i aldersgruppa 13 til 17 år, seier Dan Jøran Hafsås, som til dagleg er trenar for Eid sitt A-lag herrar i Kretsligaen og andrelaget som spelar i 6. divisjon.

Passar for alle

–Tine Fotballskule er eit lågterskeltilbod som passar for alle. For mange kan dette tilbodet vere det første møtet med fotballen. For andre kan det vere til inspirasjon til å halde fram med denne kjekke idretten. I tillegg til masse fotball blir det lagt opp til leik og moro med og utan ball. Langt på veg kan vi seie at Tine Fotballskule er eit sosialt arrangement, der born i alle aldrar før møte både gamle og nye vener. Deltakarane får Tinesekk og t-skjorter. Alle måltid får dei i klubbhuset

Fotballcamp

–Kva er opplegget rundt fotballcampen?

–Fotballcampen er, som eg sa, eit litt meir spissa tilbod med meir intensive treningar, som ikkje er likt det spelarane har på treningane i sine respektive klubbar. Det handlar om å bli betre fotballspelarar. Vi kjem også til å blande ulike aldersgrupper, og det er spennand både for oss som jobbar med spelarane, og for deltakarane på campen, seier Hafsås som sjølv vil vere hovudinstruktør for denne gruppa.

–Når går fristen for å melde seg på ut? Kor mange har de plass til, og er campen og fotballskulen open for deltakarar/klubbar utanfor Eid?

–Fristen for å melde seg på er 28. juli. Til no har vi vel fått 30–40 påmelde, og vi håper at vi får like mange som vi hadde i fjor. Då var det totalt rundt 150 påmelde. Det galdt både for fotballcampen og Tine fotballskule. Vi tek med alle som har lyst til å vere med, også frå deltakarar utanfor Eid, seier Dan Jøran Hafsås som ser fram til flotte fotballdagar med masse born og ungdomar i august.