No blir det nye uniformer

Fekk 50.000 kroner

Torsdag 4. juli delte Sparebanken Vest ut pengegåver på til saman over 100.000 kroner til lag og organisasjonar i nærområdet.

Fornøgd: Hjelle Skulekorps fekk 50.000 kroner til nye korpsuniformer. Det kjem godt med sidan uniformene dei har no er godt brukte.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Sparebanken Vest har over 200.000 kundar som gjer det mogleg å dele ut overskotet til lag og organisasjonar og eldsjeler. Torsdag var det klart for utdeling av pengegåver frå dette overskotet. På plass hos Sparebanken Vest på Nordfjordeid var representantar frå Bryggja skule, Eid Idrettspark, Fellesanlegget på TUA, Stårheim IL og Hjelle Skulemusikk samla denne torsdagen. Dei hadde alle søkt om støtte frå Sparebanken Vest tidlegare i haust og vinter for ulike årsaker.