Sommarcampen i full aktivitet

Årets Klenkarberget Sommarcamp er i full gong, og barna stortrivst med dei ulike aktivitetane.

Eldste: Klenkarberget Sommarcamp er i full gong, og deltakarane er frå 1. til og med 7. klasse. Dei eldste deltakarane er på Camp Adventures, og har base i Hjelmelandsdalen. Der er det varierte aktivitetar som mellom andre skyting, sykling og musikkprosjekt.  Foto: Olin Maria Yri

Det er mange spennande aktivitetar

Alexandra Klokk Botn
Nyhende

Klenkarberget Sommarcamp har vorte arrangert kvart år sidan 2007, og no er årets versjon i full gong. Sjølv om vêret ikkje har vore like bra som i fjor, står det ikkje på stemninga blant barna. Dagane på campen inneheld ein stor variasjon av aktivitetar som fjellturar, fisking, turar i båt og kajakk, fotball, dans, gardsbesøk, sykkelturar, skyting, leik og skogsturar. Nytt for året er også eit musikkprosjekt under sommarcampen si tredje veke. Då vert det både innspeling av låt og musikkvideo for dei eldste deltakarane.