Populær korsadag på Leikong

Den populære korsadagen avslutta dei ni dagane med Sommaraktive Stad på Stadlandet.

Mange: Korsdagen er populær, og mykje folk var samla laurdag.   Foto: Privat

Støttegåve: Stadpipe ved Nils Per Sjåstad deler kvart år ut ei støttegåve til eit lokalt lag. I år tok imot Stadlandet Skulemusikk ved Erlend Åndal 25.000 kroner.  Foto: Privat

Riding: Desse jentene koste seg med ponniriding.  Foto: Privat

Hoppeslott: Hoppeslottet var populært.  Foto: Privat

Sosialt: Korsadagen er sosial, og mange kjem heim igjen til Stadlandet for å få med seg denne dagen og møte kjende.  Foto: Privat

Mat i lange baner: Korsadagen på Stadlandet er kjent for mykje god mat.  Foto: Privat

Nyhende

– Atter ein gong har det vore ein kanonsuksess. Trass i til tider dårleg vêr, så har vi hatt kjempeoppmøte på aktivitetane våre. Vi er vande med vër her ute på Stadlandet, så då planlegg vi deretter. Vëret har på ingen måte lagt nokon dempar på stemninga, fastslår Tone Hoddevik Drage i arrangementskomiteen.

Dei sommaraktive dagane vart avslutta med korsadagen.

– Den er ein lang tradisjon, og mange kjem heim for å få den med seg. Her var kjempemykje folk. Vi kan også slå fast at det er svært populært å sjå Stad frå lufta, for det var mange på helikopterturar, seier ho.