Fylkesskiltet stole

Fjordabladet har fått tips frå fleire om at fylkesskiltet med Sogn og Fjordane, i Stigedalen mellom Eid og Volda, er borte.

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det same gjeld fylkesskiltet mellom Åheim og Bryggja.

– Her er det nok nokon som samlar på ting som er kjekt å ha i ettertid, skriv ein av lesarane våre til oss.

– Det er trasig at installasjonar langs vegane ikkje får stå i fred, seier Tone Anette Espe i Statens vegvesen til Fjordenes Tidende. Nye skilt er allereie bestilt.