Dei fleste får førstevalet

89 prosent av søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane får sitt førsteval til vidaregåande skule.

Ventelister: Rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule har venteliste på skuleplass på fleire av klassene. Han minner om at alle som har fått plass må huske å svare at dei tar plassen. – Om ikkje ramlar ein ut av alle lister, seier han.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vi strekkjer oss langt, og prøver å få plass til alle som har søkt.

Nyhende

– Det er ikkje dei store overraskingane, men vi har enkelte tilbod som har lange ventelister, konstaterer rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule. På første trinn er alle plassane fylt opp. Ved dei andre trinna er det til saman ledige 18 skuleplassar.

– Vi har eit nytt tilbod med påbygg når ein er ferdig med fagbrev. Her er det fem plassar VG4 påbygg, og der har vi veldig stor oversøking, seier han.

Fullt overalt

– Det er eigentleg fullt overalt. 2. året data og elektronikk er det derimot ikkje fullt, men det pleier å endre seg litt. Vi har som vanleg venteliste på 2. årstilbodet på elektro, og dei som ikkje kjem inn der, hamnar gjerne på data og elektronikk i staden, fortel Bjørlo.

Når det gjeld studiespesialisering er det to klasser på 1. trinn, to klasser på 2. trinn og ei klasse på 3. trinn.

– Vi har litt for mange søkjarar med mange og tretti på 3. året, fordi nokre har vore i utlandet og kjem tilbake for å ta siste året. Men vi har fått oss to nye, store klasserom. Vi strekkjer oss langt og prøver å få plass til alle som har søkt, seier rektor.

– Så er det viktig at alle som har fått plass husker å svare at dei tar plassen. Mange drar på ferie, og då er det dumt om ein ikkje huskar å svare. Då ramlar ein nemleg ut av alle lister, minner rektor Bjørlo om.

Gledeleg

Det er 3.614 søkjarar til vidaregåande opplæring som no har fått tilbod om skuleplass på det programområdet dei hadde som førsteval her i fylket. Det tilsvarar 89 prosent av søkjarane med ungdomsrett.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Andre inntak 26. juli

Til saman 4.469 har søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2019–2020. Av desse har 4.051 ungdomsrett.

44 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som ein ikkje tilbyr i vårt fylke.

360 ledige skuleplassar

Etter første inntaket er det om lag 190 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntak, eller etter at skulane tek over inntaket frå 12. august.

Det er om lag 360 ledige skuleplassar i fylket.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 12. august.

Tidsplan

Vidare tidsplan for inntaket til vidaregåande skule:

4. juli, melding blir sendt til alle søkjarane (første inntak).

11. juli, svarfrist første inntak.

26. juli, melding om andre inntak.

2. august, svarfrist andre inntak.

12. august, skulane tek over inntaket.

19. august, skulestart.