MC-treff og strandfestival

Stille helg for politiet

Det har gått stille for seg i Eid og Selje denne helga.

Ifølgje politiet har det vore ei roleg helg i Eid og Selje, og ingenting spesielt å melde.   Foto: Arkiv

Nyhende

Ifølgje innsatsleiar Morten Hagen har det vore ei stille og roleg helg i Eid og Selje.

– I går kveld var det ingenting å melde om. Det var ei trafikkulukke på dagtid der ein moped var involvert inne i fjorden, men ingenting alvorleg.

– Det var god stemning på Eid i går.  Det var mellom andre MC-treff, og folk hadde det kjekt. Det var også strandfestival i Refvik som var eit veldig godt arrangement og bra med folk. Vellukka festival på Refvik, og ingen orden forstyrringar, fortel innsatsleiaren.