Ny 113- nettside

Frå no av er ikkje 113 berre eit nummer, men også ei nettside med komplett og oppdatert førstehjelpsinformasjon. Målet er å redde minst 200 fleire liv i året.

Ny Nettide: Ei ny 113-nettside skal hjelpe med å gi riktig livreddende førstehjelp.  Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Nyhende

I dei kritiske minutta før helsepersonell kjem ved akuttmedisinske hendingar kan innsatsen til dei som tilfeldigvis er i nærleiken, utgjere forskjellen på liv og død.

No lanserer Helsedirektoratet ein offisielle nettstad for førstehjelp. På 113.no finn ein informasjonen som trengst for å vere i stand til å yte riktig førstehjelp. Det er Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS) som på vegner av helsestyresmaktene har utvikla nettsida.

– Det aller viktigaste vi kan gjere, er å vere med på å redde liv. Årleg får 3.500 personar i Noreg hjartestans utanfor sjukehus. Ved å jobbe saman og raskt gi livreddande førstehjelp kan vi redde 200 fleire liv kvart år, seier direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NTB.