Brann i uthus

Søndag morgon kom meldinga om at det er brann i eit uthus ved Skoglid.

Det er brann i eit uthus søndag morgon.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (arkiv)

Nyhende

Ifølgje politiet er det brann i eit uthus ved Skoglid, som ligg ovanfor Skaugset. Det er full overtenning i uthuset som er rundt 30 kvadratmeter stort. Det pågår no ettersløkking og brannvesenet har no kontroll på brannen. Ingen personar skal ha vore inne i uthuset då brannen starta, og det skal heller ikkje vere fare på for spreiing av brannen.

Ifølgje politiet på Twitter skal uthuset ha blitt brukt i forbinding med sosialt lag i natt, og mogleg brannårsak kan vere flammar frå peis eller stearinlys.