Konsert og utdeling av ein million til lag og organisasjonar

Hjartebank til Eid

Tysdag 24. september blir det konsert «Hjartebank»i Eid idrettshus. Samt utdeling av ein million kroner til lag og organisasjonar.

«Hjartebank»: Konserten «Hjartebank» kjem til Eid i september, og Sparebanken Vest har ein million kroner som skal delast ut. F.v. Arild Vonheim, Wenche Myhre, Inger Vonheim Smørdal, Ingelin Hamre Hatlenes og Hans-Kristian Leite. 

Nyhende

Det er Sparebanken Vest som står bak konseptet «Hjartebank». Kvart år deler dei ut sju millionar fordelt på like mange tettstadar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Altså ein million på kvar stad.