Fiske i elveosen

Ulovleg seier fylkesmannen

Jan Per Løken har nyleg tatt opp spørsmål om fiske etter saltvatnsfisk i elveosen. Bakgrunnen var at naturoppsynet har vist bort ein fiskar som hadde ankra opp i osen av Eidselva for å fiske etter saltvatnsfisk.

Ulovleg: Jan Per Løken har fått svar på spørsmål frå fylkesmannen vedkomande pilking etter saltvatnsfisk i Elveosen i Eidselva. Ulovleg seier fylkesmannen. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

–Tidleg på våren står der etter måten store mengder torsk og anna saltvatnsfisk i elveosen. Dei fangar og et lakseungar som er på veg ut frå elva. Dette har vore sett på som eitt av dei største problema for laksestammen. Dette fordi lakseungane er så lett å predatere på der og då. Etter sjølvsyn og samtale med fiskar har eg kjennskap til at det er torsk desse «osfiskarane» fiskar på. Eg tykte difor bortvisinga var urettvis og tok kontakt med fylkesmannen si fiskeforvaltning. Eg inviterte til eit prøvefiske med føremål om å opne elveosen for torskefiske der i den tida laksesmolten vandrar ut. Svaret frå fylkesmannen er interessant og bør gjerast kjent for dei mange som synest reglane er stivbeinte, skriv Jan Per Løken i ein e-post til Fjordabladet og viser til fylkesmannen sitt svar.

Svar frå fylkesmannen

«Vi takkar for din invitasjon, om det vert aktuelt får vi ta ein vurdering på i 2020. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (no Vestland) har hatt ein opning for at det kan pilkast etter marin fisk i 100 – metersona, men den nasjonale forskrifta om fiske i sjø vart nyleg endra og det er den som no regulere fisket i munningssona. Denne forskrifta vert vedtatt av Miljødirektoratet. Det er ikkje lenger lov å pilke etter marin fisk i 100 – metersona, og det er berre opna for fiske her i den perioden vassdraget er ope for fiske.

Laks og sjøaure

Fiskereglane er der av omsyn til laks og sjøaure. At smolt vert predatert er naturleg, og er ingen god grunn for å opne for fiske etter torsk i 100 – metersona. Om lag i same periode som smolten vandrar ut, vandrar òg vinterstøingane ut. Vinterstøingane, det vil seie utgytt laks og sjøaure, har stor verdi for stammene. Dette er fisk som har overlevd sjøfasen og gyting, og som har høg vidare overleving. Uttak av desse er særs uheldig.

«Elvestøingane»

–Elveosen har til no vore ope for fiske med pilk heile året. No har sentrale styresmakter bestemt freding i «utvandringstida». Dette er, som nemnt av fylkesmannen, på grunn av uttak av dei verdfulle elvastøingane. Det er dei som kjem att som ettertrakta storlaks. Spørsmålet eg vil stille no er om det verkeleg er nokon som fiskar på dei utmagra «ikkje etande» elvastøingane? I tilfelle kva vert dei brukt til? Kan nokon svare på det? Invitasjonen til fiskeforvaltaren kjem til å stå ved lag med same føremål. Dette ikkje fordi torsken et smolt, men for å finne ut om elvestøingane let seg fange med pilk, skriv Jan Per Løken.