Chatta i ti år om seksuelle overgrep

I ti år skal nordfjordingen ha chatta om seksuelle overgrep mot barn.

Det er tatt ut tiltale mot ein mann i 40-åra frå indre Nordfjord.   Foto: Arkiv

Nyhende

No er det tatt ut tiltale mot mannen i 40-åra frå indre Nordfjord, for å ha produsert framstillingar av seksuelle overgrep mot barn eller framstillingar som seksualiserer barn. I løpet av ein periode på ti år har han via Skype vore i kontakt med eit stort tal personar, og chatta med desse om seksuelle overgrep mot barn og/eller seksuelle framstillingar av barn, heiter det i tiltalen.