Ber om ny synfaring i trafikkfarleg kryss

Vi oppmodar Statens vegvesen om å gjennomføre ei ny synfaring av avkøyringa frå Rv15 til Tømmerstøl, og ut frå dette vurdere kva tiltak som kan setjast i verk for å auke trafikktryggleiken og redusere faren for ulukker i krysset.

Vil ha tiltak: Sverre Tømmerstøl gjekk i januar i år, på vegner av bebuarane i området, ut i Fjordabladet og uttrykte uro for det trafikkfarlege krysset i avkøyringa til Tømmerstøl. No oppmodar politikarane i Eid kommune Statens vegvesen til å gjere ei ny synfaring. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Kommunestyret i Eid handsama i møte 20. juni eit grunngitt spørsmål frå Sigurd Reksnes (SP) om den trafikkfarlege avkøyringa frå Rv15 til Tømmerstøl.