Bjørn Myklebust:

-Alle partar skal få svar

Din Bustad Eigedom AS (DBE), som er nabo til utbygginga på eigedomen til Lunden Handelspark (LHP), stiller spørsmål ved Lunden Handelspark si handtering av overflatevatn.

Lunden Handelspark: – Lunden Handelspark og Din Bustad sitt bustadprosjekt i Lunden er to prosjekt som forsterkar kvarandre, sa Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad Eigedom AS, for kort tid sidan. No stiller Din Bustad Eigedom AS spørsmål ved korleis Lunden Handelspark vil handtere overflatevatn.  

Nyhende

– Din Bustad Eigedom AS har utvikla ei tomt som ligg lågare i terrenget enn Lunden Handelspark sitt område. Vi har regulert tomta til blokker med underjordisk parkeringsløysning. Vi er svært bekymra for løysninga som vi ser er tenkt for overvatn på Lunden Handelspark si tomt og andre omliggande eigedomar i Lunden, skriv Vegard Meland, dagleg leiar I Din Bustad Eigedom AS i uromeldinga til Eid kommune der han samstundes viser til at det skal vere sterk fokus frå kommunane for å ha kontroll på overflatevatn, då klimaet blir våtare.