Bjørn Myklebust:

–Vi må sikre bygg og eigedom

Til ut i neste veke vil det føregå naudsynt arbeid for å sikre eigedomen og bygningane til Lunden Handelspark på Skaffarmarka.  

–Vi har meldt frå til Eid kommune at det vil føregå arbeid med sikring av eigedom og bygningar. Dette arbeidet reknar vi med blir avslutta neste veke, seier Bjørn Myklebust, dagleg leiar i Lunden Handelspark.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Når Fjordabladet skriv at arbeidet på forretningsbygga til Lunden Handelspark på Skaffarmarka er stoppa, så er det viktig å kome med eit presisering. For å sikre bygg og eigedom vil det bli gjort ein del arbeid, som vi reknar å vere ferdige med i løpet av neste veke, seier Bjørn Myklebust, dagleg leiar i Lunden Handelspark.