Endeleg snur vêret

Etter ei periode med kulde og mykje nedbør, ser det ut til at vêret skal snu dei neste dagane.

Ifølgje Yr skal vêret snu dei neste dagane. Kanskje vert det skikkeleg skikkeleg is og bade-vêr.   Foto: Arkiv

Nyhende

Denne veka har det likna meir på haust og vinter enn sommardagar i juli. Temperaturane har lagt på sju grader dei siste dagane, og skyene har vore grå og tunge med regn. Kald vind har det også vore i periodar. Heldigvis ser det ut til at det vert ei betring den komande veka.

Fredag ligg det an til å bli første dag på lenge utan nedbør, og sola skal ifølgje Yr kome fram. Temperaturane vil ligge på rett under 15 grader frå fredag og gjennom helga. Laurdag og søndag er det meldt skya vêr.

Frå måndag av skal temperaturane stige endå meir, og sola kjem også tilbake. Frå tysdag av og i alle fall fram til fredag ser det ut til å bli opp mot 20 grader med sol og delvis skya vêr. Ei stor betring frå sju grader og lange periodar med mykje regn. Kanskje vert dette ein smak av sommar og endeleg mogleg å ta seg eit bad i sjøen.