Ber om nedsett fartsgrense gjennom Kviane

I eit brev til Statens vegvesen ber Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) Statens vegvesen om å redusere fartsgrensa gjennom Kviane.

Strekninga: kartutsnitt av Kviane. 

Nyhende

– Vi syner til Statens vegvesen sitt vedtak i januar 2019 om å redusere fartsgrensa på Fv 663 i gjennom gardstunet på Bjørlo frå 80 til 50 km/t, eit vedtak både Eid kommune og Politiet støtta SVV. Vedtaket vart effektuert i april 2019, og har allereie god effekt. Eg vil med dette be Statens vegvesen raskast råd gjere ei tilsvarande vurdering av å redusere fartsgrensa også gjennom Kviane på same fylkesveg, skriv Bjørlo og viser til at situasjonen i Kviane er direkte samanliknbar med Bjørlo.