– Dette er eit tap for Frp

Leiar i nye Stad Frp, Per Tore Borgund, beklagar at Marita Aarvik melder seg ut av partiet.

Beklagar: Per Tore Borgund, leiar i Stad Frp, beklagar at Marita Aarvik melder seg ut av Frp. – Dette er eit tap for Frp, seier han.   Foto: Tormod Flatebø

Eg forstår at Marita ikkje føler seg riktig behandla no.

Nyhende

– Mi personlege meining er at dette er eit tap for partiet. Eg håper at i framtida kan vi få henne med igjen. Ikkje noko kunne glede meg meir. Eg ser på henne som ein særs dyktig lokalpolitikar, som har sett spor etter seg, seier Borgund.