Samarbeid for ei miljøvenleg cruisenæring i Nordfjord?

Ønskjer felles miljøprofil

– Det er etter vårt syn viktig at Nordfjord som cruise-destinasjon har ein samla høg miljøprofil, og oppmodar difor også eigarkommunane i Nordfjord Hamn om å gjere tilsvarande vedtak som Eid.

Miljøkrav: Eid kommune vart i juni 2019 kontakta av Oslo kommune, som på vegner av nettverket oppmoda oss som ny cruisehamn til å stille oss bak dei 14 miljøkrava. Formannskapet i Eid gav samrøystes si tilslutning til dette 13. juni. 

Nyhende

Det skriv Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) i ein e-post til eigarkommunane i Nordfjord Hamn IKS etter at Formannskapet i Eid vedtok å slutte seg til 14 konkrete tiltak for ei meir miljøvennleg cruisenæring. I tillegg til å slutte seg til dei felles krav frå̊ dei største cruisehamnene i Norge om ei meir miljøvenleg cruisenæring, vedtok også formannskapet i Eid kommune å ta kontakt med eigarkommunane til Nordfjord Hamn IKS om også̊ å slutte seg til krava, slik at Nordfjord står samla om strenge miljøkrav for cruisenæringa.