Tiltalt for å ta kvelartak

Politimeisteren i Vest har tatt ut tiltale mot ein nordfjording i slutten av 30-åra.

Ein nordfjording er tiltalt for å ha tatt kvelartak på ein annan mann.   Foto: Arkiv

Nyhende

Mannen skal ei natt i desember 2018 ha tatt kvelartak på ein annan mann ved to høve, slik at denne blei påført smerter og fekk vanskar med å få puste. Dette skal ha skjedd på ein uteplass på Nordfjordeid.

Saka kjem opp i Sogn og Fjordane tingrett i oktober.