No kan du søke opp gjelda di

Måndag opna gjeldsportalen nordkgjeld.no. Der vi ein kunne søke på kva ein har i usikra forbrukslån.

På portalen vil ein gratis kunne søke opp seg sjølv og kva ein skuldar.  Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Gjeldsportalen blir drifta av Norsk Gjeldsinformasjon, og samlar gjeldsdata frå rundt 200 finansverksemder. På portalen vil ein gratis kunne søke opp seg sjølv og kva ein skuldar.

– Norske forbrukarar har rundt 117 milliardar kroner i usikra forbrukslån. Det er eit veldig høgt tal. Mange har kontroll på kva dei har i kredittkortgjeld, men ikkje alle. Nokon har lånt for mykje, andre manglar oversikt over kva dei skuldar og til kva verksemder, seier Svein Ove Karstensen, administrerande direktør i Norsk Gjeldsinformasjon, i ei pressemelding.

Styremaktene i Noreg har spurt etter eit register over gjeld grunna kraftig vekst i usikra forbrukslån.

Portalen vil òg bli brukt av bankar til å søke opp låntakarar.