5 av 91 hadde manglar

Ein sjåfør hadde i løpet av dei siste 24 timane berre ei kviletid på 4 timar og 11 minutt.
Nyhende

Det vart oppdaga då Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs i dag onsdag. Den aktuelle sjåføren er no meld for brot på køyre- og kviletida.

Elles fekk fire sjåførar beskjed om å sikre lasta betre før vidare køyring.

- I alt 91 køyretøy var innom kontrollstaden, og fem av desse hadde manglar. Dette er eit godt resultat som viser mange flinke sjåførar i trafikken, opplyser Svein Arne Henjesand i vegvesenet.