Turistar let seg begeistre

Rikt dekorert kyrkje

Turistar let seg imponere av den rikt dekorerte Eid kyrkje. Gjennom heile sommaren kan ein også oppleve konsertar i den største kyrkje i Nordfjord.

Eid kyrkje: Eid kyrkje er den største kyrkje i Nordfjord, og er open i sommar. Mange turistar let seg imponere over den innvendige dekoren kyrkja frå 1849 har.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Kortaket: Kortaket i Eid kyrkje er rikt dekorert.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Sidan mellomalderen har det vore kyrkje på Nordfjordeid. Eid kyrkje slik den står i dag vart sett opp i 1849. Den har plass til 750, og er den største kyrkja i Nordfjord.

Innvendig er kyrkja rikt dekorert med utskjeringar og dekormåling i «drakestil. Dette vart gjort av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik, og for få år sidan vart dei flotte takmåleria restaurerte.

Det er mange som er interesserte i å besøke den vakre kyrkja, og turistane let seg imponere av den speseielt dekorerte kyrkja.

Open kyrkje

Eid kyrkje er open i sommar. I tillegg vil det nokre av dagane det kjem store turistbåtar til Nordfjordeid, også haldast konsertar i Eid kyrkje – såkalla Cruiseday-konsertar.

Onsdag 3. juli held Spelemannslaget Fjelljom med dirigent Arne M. Sølvberg og organisert Ralph J. Cupper konsert.

Tysdag 23. juli er det konsert med pianisten Jon Inge Sigerland, medan kornettist Jon-Vegar Sole Sundal og organist Ralph J. Cupper held konsert tysdag 30. juli.

Onsdag 28. august held organist Ralph J. Cupper konsert.

Søndag 15. september kan ein oppleve flott song og musikk av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Andreas Løken Taklo.