Kanonstart for Sommaraktive Stad-dagane

Medan vinden ula rundt låveveggane var det magisk stemning inne med intimkonsert i Ervika – fullsett til randa.

Tilbake til Stadlandet: Jan Petter Hoddevik er stolt eigar av ein Chevrolet Internasjonal, som i si tid var ny bil på Stadlandet i 1929. No er den endeleg tilbake. I baksetet sit Daniel, Oliver og Lise Marie. Bak står Ingvald Sjåstad, Sigbjørn Sjåstad og Mads Drage.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det er artig å ha bilar som kjem frå Stad. Denne er kome heim for å bli.

Jan Petter Hoddevik
Nyhende

Det var heilt magisk med kanonbra musikk, fastslår Tone Beate Hoddevik Drage i arrangementskomiteen for Sommaraktive Stad. Ho er superfornøgd med opningshelga av dei ni aktive dagane på Stadlandet.