Frådelingssaka i Ervik

Fylkesmannen trekkjer klagen

–Eg tenkjer med god dialog og saklege argumenter kjem vi langt. Eit samla politikarkorps sto bak dette vedtaket og vi var tydelege i kva vi meinte.

–Det er særdeles kjekt at fylkesmannen no trekkjer klagen på frådeling av bustadhus i Ervika, seier Stein Robert Osdal (Krf), ordførar i Selje.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal etter at han blei gjort kjent med at fylkesmannen i Vestland trekkje klagen på vedtak om dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for frådeling av bustadhus frå ein gard i Ervik i Selje kommune.