– Utfordrande og kjekt å spele på Elskhug og eksis

Etter tre dagar med Elskhug og Eksis kunne aktørane smile og ta imot applaus. Og dei unge talenta i spelet er kanskje mest nøgde.

Dei fire unge med bakgrunn frå kultursatsinga i Eid hadde i år sentrale roller i spelet Elskhug og Eksis. Der heile tre av dei vil satse på ei framtid innan skodespel/musikal. Til liks med dei andre i spelet hausta dei applaus etter premieren fredag kveld. Frå venstre Håkon Bøen, Eline Jacobsen Lillestøl, Ingar Hjelle og Ingrid Tykhelle Kayser.  

Nyhende

Dei har tidlegare spelt og sunge saman på musikalar og opera. Reist ut i verda og kome heim igjen. I helga var fire unge talent samla igjen i det historiske spelet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid. Saman med nær 150 andre aktørar på amfiscena utandørs på Plassen i Eid har dei sunge, smilt og spelt skodespel, teke imot applaus og konstatert nok ein suksess for det historiske spelet på Nordfjordeid.