Tre av fire i Sogn og Fjordane kan lese og forstå sjøkart

Båtfolket i Sogn og Fjordane er blant dei flinkaste i Norge til å bruke sjøkart.

Sjøkart 

Nyhende

Mange har det med, men ikkje alle kan bruke det, viser ei fersk undersøking frå Gjensidige.

- Vi har spurt båtfolket om deira forståing av sjøkart enten på papir eller digitalt. Sjølv om mange svarar at dette kan dei, er vi mest bekymra over alle dei som ikkje kan lese og forstå eit sjøkart, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige, i ei pressemelding.

I Sogn og Fjordane svarar heile 75 prosent av båteigarar at dei les sjøkart svært godt eller ganske godt. Kun 16 prosent meiner dei er dårleg på dette området.

Mykje usikkerheit

Det er Ipsos som har gjort undersøkinga. Den gir eit bilde av at det er mykje usikkerheit hos mange av dei som fører båt, meiner Voll. Det er dobbelt så mange menn som kvinner som seier dei har god kunnskap om dette. Tryggast er dei som er godt vaksne og som har hatt båt ei tid.

- Stol ikkje kun på at elektroniske hjelpemidlar som kartplottar, GPS og autopilot alltid fungerer, åtvarar han. Voll meiner det er svært viktig å ha ein backup med papirkart og kompass i båten og kunne bruke desse.

Det er også viktig å sjå ut av "vindauget" for å sjekke om kartet faktiske stemmer overeins med sjølandskapet.

Sjøkart går ut på dato. Voll ber alle difor sjekke "datostemplinga", også på elektronisk kart. Det er viktig å bruke oppdaterte kart.