Anders Svor museum går over til å sortere under Sunnmøre museum

Lovar meir aktivitet i Hornindal

Frå 1. januar 2020 vil Svor museum i Hornindal bli ein del av Sunnmøre museum. Komande konstituert direktør Jarle Sanden lovar meir aktivitet ved museet i Hornindal.

Frå 1. januar 2020 kjem Anders Svor museum i Hornindal under nye Musea på Sunnmøre. Ei samling av då totalt 14 museum, som mellom anna også omfattar Yste Skotet, Dalsfjord fyrmuseum, Volda bygdetun og tre større museum i Ålesund. Målet er å få til publikumsauke også hjå dei mindre musea.   Foto: Arkiv

Nyhende

Når Hornindal slår seg saman med Volda til ei ny kommune, og Hornindal blir ein del av Møre og Romsdal, vil også Anders Svor museum bli ein del av Sunnmøre museum, eller det nye Musea på Sunnmøre.

I dag var siste opninga til ein sommarsesong då museet i Hornindal høyrer under Sogn og Fjordane museum.

Jarle Sanden vil frå 1. september bli ny konstituert direktør for Musea på Sunnmøre. Det er ein fusjon mellom noverande stifting Sunnmøre museum, og stiftingane Kulturkvartalet i Ålesund og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Sunnmøre museum omfattar tretten museum på Sunnmøre.

Skiftande utstillingar

Den nye direktøren lovar at det skal bli meir aktivitet ved Svor museum når dei no kjem under sunnmøringane sine vengjer. Dei siste åra har det ikkje vore skiftande sommarutstillingar ved museet, men satsa på Anders Svor sin kunst. Jarle Sanden seier at målet er å få til nye utstillingar jamleg.

–Vi vil nok satse mot å få til skiftande utstillingar i Hornindal, gjerne utstillingar som også går runden ved dei andre musea på Sunnmøre. Og så vil vi satse meir mot turisme, også i dei mindre musea som vi har, seier Sanden.

60 prosent auke med cruise

Frå 2017 til 2018 hadde Sunnmøre museum ein auke i heile 60 prosent. Årsaka til det ligg i auka cruisetrafikk til Ålesund, der både Sunnmøre museum i Ålesund, Aalesunds museum og Fiskerimuseet i Ålesund stod for den markerte auken.

–Vi må jobbe målretta for at også dei mindre musea på Sunnmøre, inkludert Hornindal, også får ta del i denne auken. Då er satsing mot turisme eit viktig verkemiddel her, seier Sanden som trur opning utanom sesongen for grupper som bestiller, kan bli aktuelt.

Hotel Raftevold

Styret i Sunnmøre museum har også som mål å auke publikumstalet ved Anders Svor museum, og har mellom anna vore i dialog med Havila Hotel Raftevold, som planlegg innføring av museumsbesøk inkludert i opphald i Hornindal. Også styret er opptekne av å jobbe mot til dømes cruiseturismen i høve til museet i Hornindal.