- Lite elegant avleiingsmanøver frå Reksnes

Gunnhild Berge Stang (V) medlem av fellesnemnda i Vestland fylke og fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre.  Foto: Rebecca Amber

Nyhende

Venstre ville spreie arbeidsplassane i Vestland fylke

Tullete forslag sa Ap og Sp

 

 

I Fjordabladet 21 juni kan ein lese ei sak der eg kritiserer Senterpartiet for å ikkje støtte eit initiativ til å sjå nærare på korleis vi kan spreie fylkeskommunale arbeidsplassar i heile fylket. Reknes handterer det med å snakke om andre ting, mellom anna fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK. For å ta det siste først: Dette er eit val både selskapet og eigarane i SE har tatt med stort fleirtal, basert på ein fusjonsavtale som i langt større grad sikrar arbeidsplassvekst i eigarkommunane enn dagens situasjon.  Sigurd Reksnes representerer ikkje ein eigarkommune og eg forventar ikkje at han kjenner innhaldet i fusjonen, men eg forventar at han ikkje spreier feilinformasjon om avtalen. Eg forventar at Reksnes som fylkespolitikar er medviten rolla si, og at fylkeskommunen som ikkje er part saka mellom BKK og Sunnfjord Energi, respekterer dei prosessane og avgjerdene som eigarkommunane tek for Sunnfjord Energi. Eg minner også om at i fleire av Sunnfjord Energi-kommunane så stemte også Senterpartiet for fusjon

Så til det eg faktisk utfordra Reksnes på. Korleis sikre spreiing av fylkeskommunale arbeidsplassar i heile fylket. Reksnes meiner omorganiseringa i Statens Vegvesen er  ei sentraliseringsreform til Bergen, men let vere å nemne at dei nye arbeidsplassane til  Bergen kjem frå Oslo. Og så har  byråkratane i Vegdirektoratet føreslått ei løysing der nedbygging på Eid kjem Førde til gode.  Det vert ikkje flytta  ein einaste arbeidsplass frå Eid til Bergen. I tillegg vil fleire av dagens arbeidsplassar på Eid bli fylkeskommunale. Og det er det denne saka mellom anna handlar om:  Korleis kan vi sikre at arbeidsplassane vert liggande på Eid sjølv om dei er fylkeskommunale? Korleis kan vi sikre at folk kan bu på Eid og jobbe i også andre fylkeskommunale avdelingar? Kan til dømes dei vidaregåande skule vere ein arbeidsplass for fleire av dei fylkeskommunalt tilsette enn dei som jobbar i skuleverket? Reksnes seier at dette er ei sak folk er veldig opptekne av allereie, og eg er samd i at deler av den fylkeskommunale administrasjonen tenkjer i desse baner. Og nettopp difor vil  Venstre løfte dette politisk i det vidare arbeidet, og få ein politisk styrt strategi for korleis  vi sikrar at flest mogleg har høve til å søke på ein fylkeskommunal jobb. Venstre melder inn saka på nytt til neste møte i fellesnemnda, eg tillet meg å håpe på ei meir konstruktiv tilnærming frå Senterpartiet då.