– Dette er eit politisk spel frå Venstre si side

– Venstre slår inn opne dører, seier Sigurd Reksnes (Sp), som meiner det blir jobba godt med det Venstre fremja forslag om på møtet i Fellesnemnda for Vestland fylke.

Spel: Venstre slår inn opne dører. Dette er eit politisk spel som eg tek avstand frå, seier Sigurd Reksnes, (Sp). 

Nyhende

Venstre ville spreie arbeidsplassane i Vestland fylke

Tullete forslag sa Ap og Sp

 

–Det har blitt gjennomført ein omfattande regional runde med møter der nettopp desentralisert struktur i Vestland fylke har vore tema. Vi har vore på Stord, på Voss, i Gulen og i Førde, der representantar frå Sunnfjord og Nordfjord var til stades. Frå alle regionane i nye Vestland fylke kjem det krav om ein desentralisert struktur og god fordeling, og det som har kome fram i dei møte som har vore blir lagt til grunn for arbeidet. Det er ingen som er i mot det Gunnhild Berge Stang gjer framlegg om, men poenget er at så lenge det blir jobba intenst med desse sakene, eg ser på dette som eit politisk spel frå Venstre si side, der partiet og Gunnhild Berge Stang fråskriv seg alt ansvar for den sentraliseringa som går føre seg no, seier Sigurd Reksnes.

Regionreforma

–Venstre i regjering har gått i bresjen for regionreforma. Ei reform utan substans, med det meiner eg at fylka ikkje har fått nye større oppgåver, og heller ikkje pengar til å utføre dei oppgåvene fylkeskommunane har. I dag ser vi at Vestland fylke må kutte 400 millionar kroner for å få budsjettet i balanse. Dette er dei harde realitetane, og som burde oppta Venstre. Blir det ikkje tatt på alvor, så blir det sentralisering, noko som Senterpartiet har åtvara sterkt mot, seier Sigurd Reksnes som viser til at Venstre i regjering har vore med på å sette i verk eit arbeid i Statens vegvesen som fører til at tenester til publikum og næringsliv blir sentraliserte.

–Nyleg vart kommuneproposisjonen behandla i Stortinget. Det vi ser er at dei fylke som har gjort som Venstre ønskjer, å slå seg saman, blir straffa. Overføringane til Vestland fylke blir fem millionar kroer mindre, medan Rogaland og Møre og Romsdal som har valt å ikkje slå seg saman med tener på det. Rogaland får 58 millionar meir, og Møre og Romsdal frå 12 millionar meir i overføringar.

Lokalt eigarskap

–Då det vart kjent at Fjaler kommune gjekk inn for at Sunnfjord Energi slår seg saman med BKK, stod ordførar i Fjaler Gunnhild Berge Stang fram i avisa Firda og kalla dette ein gledas dag. Eg meiner ikkje det. Lokalt eigarskap over kraftressursane bidreg til at det blir skapt og utvikla arbeidsplassar lokalt. Enivest, med 40 arbeidsplassar i Førde, er knoppskyting frå nettopp Sunnfjord Energi. Hos oss ser vi kor viktig Sogn og Fjordane Energi (SFE) kan vere for utvikling av nye arbeidsplassar. Eg tru det ville vore utfordrande å få med store utanlandske investorar i Lefdal Mine Datacenter, utan at SFE gjekk inn med 20 millionar kroner i aksjekapital i selskapet. Kva er betre enn å ha lokal styring og kontroll med kraftressursane. Det Venstre vil er på legge alt under Bergen. Personleg vil eg ikkje vere med på det uverdige spelet som Venstre held på med, det står ikkje til truande å kome med slike framlegg når Venstre sjølv står i spissen for alle sentraliseringsreformene som pågår no, seier Sigurd Reksnes.