Sommarstengt barseltilbod på Nordfjord sjukehus

I samband med ferieavviklinga i sommar vert det ikkje barseltilbod ved God start-eininga på Nordfjord sjukehus. Arkivfoto 

Nyhende

Helse Førde opplyser om at drifta av God Start er endra noko på grunn av ferieavvikling frå 8. juli og fire veker framover. Det døgnbaserte barseltilbodet blir i Førde/Volda i denne perioden. Jordmortenesta på helsestasjonane vert gjennomført etter plan, og på God Start er det til ei kvar tid jordmor på vakt. Kvinnene kan som vanleg kome til eininga for vurdering av fødsel, og dei som har behov for det er sikra følgeteneste til fødeavdelingane i Volda eller Førde. I tillegg vert det poliklinikk på dagtid sju dagar i veka, og kvinner som har utfordringar kan ta kontakt med eininga.