God aktivitet og framgang i Nordfjord Taekwondoklubb

23 graderte innan Taekwondo

Nordfjord Taekwondoklubb hadde tysdag 11. juni gradering i Valhall. Der 23 av deltakarane fekk nytt belte.

Det er alltid litt spenning knytt til gradering, og tysdag i førre veke kunne desse smile etter å ha fått sine nye belter, eller nye striper på belta sine. Nordfjord Taekwondoklubb held til i Valhall og fekk i haust fleire nye medlemmer som i førre veke gjekk opp til si første eller andre gradering.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Tysdag i førre veke hadde Nordfjord Taekwondoklubb gradering for sine deltakarar. Der 23 graderte seg opp ei grad, og fekk nytt belte, eller ei ny stripe i beltet. Den som har høgaste grad av dei unge deltakarane no er Ruben Vambeset Årskog som klarte å gradere seg opp til raudt belte med svart stripe. Det er også andre i klubben som har raudt belte.