Stad skipstunnel kan byggjast innanfor NTP-rammene

–   Eit spennande prosjekt

–  Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt som kan gi gode synergiar, seier statsråd Jon Georg Dale (Frp).

Kjødepollen: Krever større areal enn tidligere antatt. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta Undersøkelser av berggrunnen i Kjødepollen viser at det er mer løsmasse enn først antatt. Det betyr at inngangsportalene må bygges over et større areal enn tidligere planlagt. Av praktiske og sikkerhetsmessige årsaker er inngangspartiet foreslått bygd som terrasser. Terrassenes flater vil kunne etableres etter kjente prinsipper for uttak av masser, med en kombinasjon av byggemetoder som wire-saging og sprenging.   Foto: Illustrasjon av Stad skipstunnel, Kystverket/Snøhetta

Nyhende

Stad skipstunnel

Kan bli opning i 2025

 

Kystverket viser i ein ny rapport at Stad skipstunnel likevel kan byggjast innanfor rammene som blei sett av i Nasjonal transportplan (NTP) i 2018–2029.

– Eg håper denne rapporten skal gi oss tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag til å halde oppe framdrifta i prosjektet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Det var Samferdselsdepartementet som etter at prosjektet hadde vore gjennom kvalitetssikring fase to (KS2), bad Kystverket gjere ein ny gjennomgang av konstnadene knytt til Stad skipstunnel. Målet var å få kostnadane ned til 2,7 milliardar 2016-kroner, skriv Kystverket i ei pressemelding.

– Viktig prosjekt

Samferdselsministeren konstaterer at Kystverket har levert det han bad dei om.

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt som er prioritert i nasjonal transportplan. KS2 viste vesentleg høgare kostnad enn det som låg til grunn i NTP. Eg sette difor i gang eit arbeid for å få redusert kostnadane i prosjektet. Dette har no Kystverket levert. Departementet vil umiddelbart gå inn i denne rapporten, og deretter kome tilbake til vidare framdrift, skriv Dale i ein kommentar til Nynorsk pressekontor.

Rapporten er gjort etter ein metode kalla verdianalyse.

– Me er godt nøgde med prosessen og svarar på det som departementet har bede oss om. I hovudsak har me sett på dei delane av prosjektet som representerer dei store kostnadene og har vurdert alternativ til desse, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket i ei pressemelding.

Nye løysingar

Han fortel at dei har funne nye løysingar som gjev lågare kostnader. I tillegg har dei klart å minske usikkerheita på fleire område, noko som viser at prosjektet kan gjennomførast i tråd med NTP-rammene.

Dei nye løysingane vil ikkje påverke dimensjon, kapasitet, tryggleik eller funksjonalitet, seier Kystverket.

Den nye ramma for kostnadene etter reduksjonane er på 2.677 millionar kroner. Den prisjusterte NTP-ramma er i dag på 2.953 millionar kroner.

– Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt som kan gi gode synergiar, seier statsråden.