Lokale artistar vekte lyd og stemning i Selje

Det var både heftige og vare tonar som vart servert frå scena på konserten lyden av Stad i Seljeparken laurdag.

Oselie: Då Oselie Hagen Henden var på scena fekk ho publikum med seg i dans og song.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Musikken min er inspirert av havet, frå her eg kjem ifrå.

Lise Kristin Kvenseth – Elektrolise
Nyhende

Det å oppleve å vere på fotballcup og å vere her er kjempestas. Ekstra kjekt er det fordi eg er halvt frå Selje og halvt frå Eid, smilte Oselie, som fekk med seg publikum både på song og dans. Mange ungjenter stimla framfor scena for å kome tettast på det unge idolet sitt.