Lunkne til kystråd no

Nyhende

Fellesnemnda for Eid og Selje er positive til at det vert etablert eit felles interesseorgan somskal fremje felles interesser og synleggjere potensiale og verdiar langs kysten, men kan på bakgrunn av pågåande reformsarbeid på region- og kommunenivå, inkludert vurderingane rundt eigarskap, ikkje slutte seg til forslaget til organisering av kystrådet på noverande tidspunkt. Fellesnemnda ber om at ein arbeider vidare med ein struktur som ikkje utløyser behovet for nytt sekretariat, men i staden utløyser utviklingskapasitet i samarbeid med eksisterande organ og kommuneadministrasjon

- Dette betyr ikkje at ein ikkje vil, men at ein vil tenkje litt først, påpeika Siri Sandvik (Ap).