Teknisk sa ja til sjøbodturisme på Torheim

Teknisk- og samfunnsutval gav dispensasjon slik at det kan drivast utleige av naust omgjort til sjøbod til turistar på Torheim.

FEKK JA: Omsøkt naust på Torheim kan innreiast til sjøbod med tanke på overnatting og utleige til turistar.  Foto: Foto frå søknad

Torheim er Torheim. Der er ikkje så mange alternativ til å hanke inn nokre turistkroner.

Nils Helge Løkling (Ap)
Nyhende

Tore Egset ynskjer å bruksendre naust til innreidd sjøbod for å drive med utleige til turistar på Torheim. Ei slik bruksendring krev dispensasjon frå reguleringsplan og rådmannen si tilråding var å gje avslag.