Opnar opp for nybygg

Teknisk- og samfunnsutval gav løyve til riving, flytting og nybygg av fritidshus i eit bevaringsverdig stølsområde.

Nytt erstattar gammalt: Foto og skisse frå saksutgreiinga.  Foto: Skisse frå søknad

Nyhende

Byggmeister Steinar Sæterlid AS har på vegner av tiltakshavar Rune Hole søkt om dispensasjon og igongssettingsløyve for gardsfjøs og stølshus på stølskvia Nakken i Hjelmelandsdalen. Området ligg i LNF-område og oppføring av nye bygningar er ikkje tillate utan dispensasjon frå kommuneplanens arealdel. I tillegg ligg omsøkt tiltak i arealdelen si omsynssone for kulturmiljø.