LA-senteret på telttur

14 frå Lærings- og aktivitetssenteret på Eid har vore på telttur.

Lita KREDE: Det blei ikkje storfangst denne gongen, derimot berre ei lita krede, men ingenting å seie på gleda over å fiske og vere ute i naturen. 

Smil og glede: Mykje smil og glede då LA-senteret var på tur. 

IDYLL: Eit idyllisk område der alle kan kome seg fram. 

Grindbygg: Dei møttest på Naturmøteplassen i Kjølsdalen.  Foto: Privat

KOs: Det vart både kortspeling, hesteskokasting og quiz då gjengen frå LA-senteret på Langeland var på tur til Kjølsdalen sist veke. alle foto: Privat 

Popkorn: Det vart både grilling, kaffikoking og laga popkorn på bålpanne, i tillegg til at ein spelt kort, kasta hestesko og hadde quiz. 

Nyhende

– Vi stengde kantina og butikken på Langeland, fylte opp bilar med mange kjekke folk som jobbar på LA-senteret, mykje turstyr frå BUA og sekkar med god mat, fortel dei.

Turen gjekk til Navestøylen i Kjølsdalen, der dei spaserte opp til Naturmøteplassen. Eit idyllisk område der alle kan kome seg fram. Her er det tilrettelagt med bålpanne og sitteplassar både ute og inne.

Her vart det overnatting både i telt, lavvo, hengekøyer og inne i grindbygget.

– Nokon hadde lyst å prøve fiskelykka, så då gjekk turen til Ljådalsvatnet. Der vart det prøvd med både oter og fiskestenger, men med ei lita krede kunne vi ikkje skryte av at vi hadde nokon storfangst, fortel dei.

Gjengen frå LA-senteret konstaterer at ei natt i naturen går an for alle, og at dei håper å gjenta det.