Trealleen skal bevarast

Nyhende

Teknisk og samfunnsutval har godkjend privat framlegg til detaljreguleringsplan for Teletunet. Det er Norgeshus AS som på vegner av Hovden Eigedom AS har laga planen som legg til rette for bustad og næring. Kulturavdelinga i fylkeskommunen gav motsegn mot planframlegget, med bakgrunn i at det var foreslått at alleen over eigedomen skulle flyttast vekk frå Osvegen for å gi plass til fortau. Det er utarbeidd eit endra planframlegg, og fylkeskommunen har trekt motsegna. Eksisterande treallé langs fylkesvegen skal bevarast.