Tomteareal på Haugen

Nyhende

Nordplan AS har fått i oppdrag frå Eid kommune å lage ei skisse til det ein kan tenkje seg som ei fornuftig løysing når det gjeld framtidig tomteareal på Haugen. Skissa vil bli presentert på eit bygdemøte på Hauane etter ferien ein gong.

Nils Helge Løkling (Ap) er svært glad for at det skjer noko, ein er pressa når det gjeld areal og må også tenkje skuleutvikling i krinsen.