Statsråd Jon Georg Dale i møte om Stad Skipstunnel:

Pådrivargruppe håper på positiv konklusjon

Samferdselsministeren Jon Georg Dale har hatt møte med ei pådrivargruppe for å få realisert Stad skipstunnel.

Samferdselsministeren Jon Georg Dale, i midten, har hatt møte med ei pådrivargruppe for å få realisert Stad skipstunnel i dag, fredag 14. juni på Havila sitt kontor i Fosnavåg. Hensikta med møtet var å få fram dei store synergiane som ein kan oppnå ved bygging av Stad skipstunnel. 

Nyhende

Møtet mellom statsråden og pådrivargruppe vart halde fredag 14. juni på Havila sitt kontor i Fosnavåg. I følgje ei pressemelding frå pådrivargruppa var hensikta med møtet å få fram dei store synergiane som ein kan oppnå ved bygging av Stad skipstunnel.

Pådrivargruppa presenterte følgjande tema:

• Potensialet vi ser i reiseliv og utvikling i regionen, ved Per Sævik

• Planar for utvikling av Vestkapp og hotell i Selje, ved Liv Koller-Borg

• Kva betyding har Stad skipstunnel for oppdrettsnæringa, ved Asgeir Hasund

I det etterfølgjande hadde samferdselsministeren og pådrivargruppa ein særs konstruktiv og god dialog. Pådrivargruppa vonar at arbeidet med Stad skipstunnell får ein positiv konklusjon i haustens statsbudsjett, heiter det i pressemeldinga.