Annie gjorde gode inntekter for Opera Nordfjord i 2018

Operaen har runda ti millionar i omsetning

Opera Nordfjord hadde i 2018 ei omsetning på 10,5 millionar, det meste nokon gong i operaen si 20 år lange historie. Det store utslaget gjorde familiemusikalen Annie.

Familiemusikalen Annie gjekk for fire fulle hus i regi av Opera Nordfjord i november. På slutten av året toppa det inntektene og gjorde til at distrikstoperaen på Nordfjordeid for første gong kunne telje opp over ti millionar i inntektskassa.   Foto: Arkiv

Opera Nordfjord fekk i år totalt gode publikumstal, og på sikt vil dei gjerne auke opp med fleire stillingar i høve til auka aktivitet. Kari Standal Pavelich er dagleg leiar i 100 prosent, Michael Pavelich kunstnarisk leiar i 50 prosent. 

Opera Nordfjord har for første gong passert 10 millionar i inntekter. Auka aktivitet har vore målet, der styreleiar og operasjef understrekar at kvalitet alltid er første prioritet. 

Opera Nordfjord måtte i fjor ut med meir lønningspengar på grunn av sjukdom og uhell under oppsettinga av La Bohéme. Lønnskostnadane blei ein millionar høgare enn i 2017. 

Nyhende

Operasjef Kari Standal Pavelich er godt nøgd med fjoråret no når rekneskapen for 2018 ved Opera Nordfjord er klart. Det viser at distriktsoperaen på Nordfjordeid hadde driftsinntekter på nær 10,5 millionar kroner i 2018. Nær 700.000 kroner meir enn i 2017, og den beste omsetnaden i operaen si 20 år lange historie. Den viktigaste årsaka er godt besøk på familiemusikalen Annie som blei vist i slutten av november. Men også hovudproduksjonen La Bohéme trekte godt med folk til Operahuset Nordfjord.

–Vi hadde godt med besøk på hovudproduksjonen La Bohéme med eit publikum på 4200. Når så familiemusikalen Annie blei så populær kom vi godt ut av fjoråret totalt.

Overskot

Opera Nordfjord kunne i fjor notere eit årsresultat på 64.000 kroner. Det ligg under årsresultatet i 2017 som var på heile 1,2 millionar kroner. Ei årsak til eit lågare resultat i fjor er auka utgifter til lønningar. Ikkje minst fordi to av solistane måtte gå ut av hovudproduksjonen La Bohéme. Det var hovudrolla Marcello som skada seg under prøvene og måtte trekkje seg etter premieren. Og Rodolfo som blei sjuk med stemmevanskar, slik at også han måtte gå ut av oppsettinga. Opera Nordfjord leigde då inn ekstra solistar i desse rollene til årets hovudproduksjon.

Dyrare produksjon

Totalt kosta det 1,9 millionar kroner meir å setje opp La Bohéme i 2018, i høve til operaen Sildagapet i 2017. I tillegg til uforutsette hendingar som førte til auka lønnsutgifter, låg også andre driftsutgifter på over 0,5 millionar i høve til 2017. Varekostnadane var 386.794 kroner høgare. Men trass ein altså dyrare produksjon klarte Opera Nordfjord å ro seg i land med eit lite overskot.

Fleire tilsette

Operasjef Kari Standal Pavelich seier at dei alltid prøver å ha kontroll på utgiftene, men nokre gonger dukkar det opp ting uventa.

–For Opera Nordfjord er det ikkje noko stort poeng å skulle leggje seg opp mykje pengar. Overskotet som vi får skal vi bruke på å utvikle operaen vidare. I første omgang tenkjer vi på fleire tilsette i administrasjonen, der planen fram i tid er å tilsette ein produsent. I dag består administrasjonen av meg som dagleg leiar i 100 prosent stilling, samt ei stilling som kontorhjelp i 30 prosent. Skal vi utvide aktiviteten ved operaen treng vi fleire folk som kan gjere administrative oppgåver, seier Standal Pavelich.

Meir aktivitet

Styreleiar Arve Espe seier at ei omsetning på over ti millionar er ei svært gledeleg utvikling for operaen.

–Med auka aktivitet blir det også høgare inntekter. I fjor hadde vi både Fargespel og Score på vårparten, i tillegg til to produksjonar om hausten. Då aukar også inntektene, men også utgiftene. Målet framover må vere å få endå fleire til å gå på opera, seier Espe som ikkje minst vil oppmode fleire eidarar om å ta turen.

–Vi ser at det kjem folk frå både Søre Sunnmøre og sørover ned til Sogn. Mitt ønskje er kanskje at endå fleire eidarar tok turen for å oppleve opera, understrekar Espe.

Julekonsert

I år blir det ikkje familieframsyning ved Opera Nordfjord, men i staden blir det satsa på ein julekonsert i desember. Med to solistar, kor og orkester.