Ikkje ei turistkommune verdig:

Langt gras i Eid sentrum

Jan Ove Indrebø synest langt gras i Eid sentrum er lite å vise fram til turistar og andre. – Plenar som ikkje er stelte skikkeleg er ikkje ei turistkommune verdig, seier han.

Ved gravhaugen Rundehogjen er det laga til rundløype i samband med den kulturhistoriske Sagaløypa i Eid sentrum. Midtrabatten er sådd til, men no gror det over med ugras. – Er det dette vi vil vise fram til turistane, undrast Jan Ove Indrebø som sjølv gjer dugnad for eit penare sentrum. Tore Nyhammer-Taklo i Eid kommune seier det no er for få arbeidshender til å halde alle plenar, parkar og rabattar i sentrum nyslåtte og fine.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Jan Ove Indrebø frå Eid reagerer på det han kallar ustelt sentrum når Eid no har blitt ein turistkommune. Han viser til at mange grøntareal som kommunen eig no står med langt gras når turistane kjem til sentrum.