Usemje om økonomi

Det er framleis ikkje semje om økonomisk oppgjer for Bryggja.
Nyhende

Bryggja skal frå 1.1 bli ein del av Stad kommune. Arbeidet med grensejustering på Bryggja er forseinka. Det stoppa opp i januar på grunn av usemje om økonomisk oppgjer. Nyleg var styringsgruppe og rådmennene samla for å få rettleiing av Fylkesmannen. Målet er at partane sjølve skal finne ei løysing og bli samde om eit oppgjer som vert oppfatta som rimeleg for begge partar og som ivaretek interessene til innbyggarane.

Det skal innhentast takst på dei kommunale bygga som Stad skal overta frå Vågsøy.

Det er mogeleg å be Fylkesmannen om bistand, siste utveg er skjønn. Ein har eitt år på seg etter at grensejusteringa er realisert til å få ordna opp.