Støttar Flatraket Småbåthamn

Selje formannskap støttar Flatraket Småbåtlag SA sitt arbeid med utbetring av tilkomst og parkering ved småbåthamna på Flatraket.

Flatraket småbåthamn.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Rådmannen hadde innstilt på ei økonomisk støtte på 50.000 kroner, men formannskapet auka dette til 100.000 kroner.

– At vi aukar tilskotet skuldast at vi ser det er kommunal veg som det har vore jobba mykje frivillig med, seier ordførar Stein Robert Osdal.

Området er mykje nytta av både båteigarar og bygdefolk, i tillegg nytar turistar og næringsliv området. Hamna er ei næringsaktiv statleg fiskerihamn.

Den totale kostnaden for utbetringa som snart er ferdigstilt vil kome på om lag 300.000 kroner, og Flatraket småbåthamn SA har bedt Selje kommune om eit økonomisk bidrag til dette arbeidet.